2. - 18. november: Nina Bang Larsen og Kristin Velle-George: Usynleg

in

Nina Bang Larsen og Kristin Velle-George: Usynleg
2. – 18. november 2012 UTSTILLINGEN ER FORLENGET MED EN EKSTRA HELG I FORB MED TROMSØ OPEN/BOKKAFE MED MONDO TROMSØ ALLE DAGENE!!
Kurant Visningsrom

Utstillingsåpning fredag 2. november kl. 20
Utstilling åpen fredag – søndag 12 – 17

Etter å ha gått i årevis med ein felles tanke om at arbeida deira kan kle kvarandre i både form og tema, får Nina Bang Larsen og Kristin Velle-George endeleg prøva det ut på Kurant. Kunstnarskapa tangerar i det at dei begge tiltrekkast av å bruka lett tilgjengelige og ofte kvardagslege materialar, det å prøva å visualisera noko som eigentleg ikkje finnast i den visuelle verda, og at begge vandrar ein stad mellom det abstrakte og det figurative.

I Kristin Velle-George sitt prosjekt, Tidskapsel, hentar ho fram idear frå livets opprinnelse, jordas historie og naturens fortid. Prosjektet har sitt utspring i fossilar, avstøypingar og pollenkorn, og det utviklar seg mot det ironiske og paradoksale i transformasjonane: den uskyldige skjønnheita i oljas natur og det øydeleggande potensiale, realisert av menneske.
Natur og vitskap står sentralt i Velle-George sine arbeid, og det er særleg tema rundt vitskapens historie og alkymi som opptek ho. Det utilgjengelege, usynlege og ukjente - fenomen som er vanskelege å koma i direkte kontakt med, som sveipa i mystikk og magi, er sentrale inspirasjonar for hennar kunstnarskap.

Nina Bang Larsen arbeider med brukte tekstilar, møblar og andre heimlege gjenstandar i sitt prosjekt Innanfor/Utanfor. Materiala kan vera puter, kleshengarar, lamper, klede og sko, briller, gyngestolar og krakkar, stumtenar, tekannevarmar, rammer, nær sagt alt ein kan finna i ein vanleg heim, og de fleste skulpturane er oppblåsbare.

Skulpturane til Bang Larsen er visualiseringar av det som føregår inni hovuda på oss alle. Ho let det psykiske koma til uttrykk gjennom dei fysiske materiala me omgjev oss med. Skulpturane representerar forskjellige tankar og kjensler, og kunstnaren har arbeidd for at det skal vera ope for tilskodaren sjølv å projisera eigne tankar/kjensler over på skulpturane. Arbeida hennar balanserer ein stad mellom tiltrekkande og fråstøytande, og humoren luskar alltid i kullissane, hand i hand med melankolien.

Etter å ha gjennomført Master på Kunsthøgskolen i Bergen våren 2010 har Nina Bang Larsen vore med på fleire utstillingar, slik som Sculpture by the Sea i Århus i Danmark og Vestlandsutstillinga i 2011. I år hadde ho si fyrste separatutstilling, etter enda Master, på Soft Galleri i Oslo. Utstillinga har vore i Galleri N.B. i Eidfjord som ein del av Hardanger Open denne hausten og skal vidare til Galleri Puls i Norheimsund i 2013. Dette året har ho også stilla ut i Prosjektrom Carl Berner i Oslo saman med kunstgruppa Camilla Bang Frantzen, vore med i Raulandsutstillinga og er med i vandreutstillinga ”Skapninger”, arrangert av Kunstbanken Hedmark. I 2013 er ho å sjå i Gjøvik-, Moss- og Sandefjord Kunstforening.

Kristin Velle-George ble for to år siden uteksaminert med master fra Kunsthøgskolen i Bergen, og i løpet av denne perioden har hun etablert seg som kunstner, både gjennom utstillinger og ved etableringen av kunstnerfellesskapet Atelier Normanns og det kunstnerstyrte visningsstedet Prosjektrom Normanns i Stavanger. Kristins hovedvirke er blyanttegning på papir. Gjennom et sett egne spilleregler og et hovedemne, utforsker og skaper hun sin egen billedverden. En verden som er sentral i hele hennes kunstnerskap og har sitt utspring i blyanttegninger som ofte blir kombinert med ulike materialer og teknikker. I 2011 mottok hun kulturstipendet fra Stavanger Kommune, og hadde bla. utstillingen Scientia på Rogaland Kunstsenter. I år ble hun en av de utvalgte kunstnerne til BKFR sin 80 års jubileums bok.